Attraksjonar i Rosendalsområdet

Å vera i Rosendalsområdet er ei oppleving i seg sjølv. Den blå himmelen, dei grøne og blømande dalane, Hardangerfjorden og dei høge fjella med fossefall og med snø på toppen - og Folgefonna som kviler heilt øvst - er nærast utrulege, men svært sanne. Ikkje rart at det nygifte paret Rosenkranz bygde slottet sitt her i 1665.

Baroniet Rosendal, Kvinnherad Kyrkje frå 1255, Steinparken, Skaaluren-samlinga (skipsbyggjarmuseum), nasjonalparksenteret og Ænes Laksepark er fine opplevingar. Galleri og utstillingar likeeins, samt flotte konsertar - siste helga i mai er dagane for Rosendal Musikkfestival. Meir info hos Kvinnherad Kommune og Rosendal Turistservice.