Bekken som sildrar gjennom tunet kjem frå ei oppkome, og held same temperatur både sommar og vinter. Vatnet kjennest varmt når det er kaldt i lufta, og herleg friskt og kjølig i sommarvarmen. Mange likar å drikke her når dei er tyrste - sjølv om det ikkje er nødvendig, sidan vatnet i springen er like friskt - det kjem inn i røyr frå bekken.
Den konstante, klukkande, lyden frå bekken dannar eit stadig bakgrunnsteppe i lydbiletet. Lyden er som terapi, anten ein lyttar eller berre nyt umedvite. Bekken tar seg vakkert ut der han leverer vatn til menneske og blomar, og gjev høve til å vaske og skylje - som vart flittig brukt i tunet i gamle dagar.