Den som fiskar på fjorden kan oppleve å få dei fleste fiskeslag, alt frå laks til makrell. Ein kan fiska frå båt og bryggja. Liten og stor fisk å få, og gode opplevingar for små og store fiskarar.
Guddalselva er ei fin lakseelv som snirklar seg nedover dalen i store meandersvingar. Elva viser veg til fjells, renn gjennom urar og vatn, er kjelde til mystikk og spenning, til fiske og turar. Biletleg tala er elva sjølve hovudpulsåra i dalen, og vi må ta vare på elva på beste måte. Elva er varig verna som ein del av Folgefonna Nasjonalpark. Fiskekort er å få kjøpt lokalt.