Grusvegen slyngjer seg opp på haugen til den øverste og yngste bygningen i Guddalstunet: Gjestehuset - to vertikaldelte feriehytter med 5 sengeplasser i kvar. Hyttene rommar to soverom, hems, stove og kjøken i eitt, og eit lite bad. Ei glasdør i stova fører ut på ein terrasse med beroligande utsikt over Hardangerfjorden, Snilstveitøy og gamlevegen frå Guddalsdalen til Rosendal. Fantastiske solnedgangar! Utsikten gjer oppvasken til ei oppleving i seg sjølv.
Prisar: Kr 1100,- per natt (6300,- for ei heil veke). Tillegg for sengetøy: Kr. 100,- per sett. Den herlege frukostkorga til Kirsten Guddal blir levert på døra til dei som ber om det (pris på førespurnad).
