Folgefonna nasjonalpark er kanskje den vakraste nasjonalparken vår, og han er den einaste som går heilt frå fjord til fonn. Folgefonna består av tre platåbrear - Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. Sørfonna er den tredje største breen i Norge. Nasjonalparken på nærare 600 km2 vart opna ved Bondhusbreen den 14. mai 2005 av Dronning Sonja.
Det er oppretta fire landskapsvernområde i samband med nasjonalparken: Bondhusdalen, Ænesdalen, Hattebergsdalen og Buer. Dei tre første ligg her i Kvinnherad. Moglegheitene er mange for fantastiske turar og opplevingar, f.eks. Bondhusbreen, Melderskin eller Ulvanoso. Ta med fotoapparat, fjellsko og turutstyr!