Husmannsplassen Kålhagen vert utleigd, med stabburet som soveanneks. Det gamle stabburet er blitt til tre soverom med raudrutete gardiner og 2 sengeplassar i kvart. Det autentisk innreia stovehuset rommar og eit lite kjøken og bad. Terrassen mellom dei to bygningane er overbygd med glastak. Her er det godt å sitja og tenkja medan ein nyt utsikta - anten sola skin eller regnet trommar.
Prisar: Kr 1100,- per natt (6300,- for ei heil veke). Tillegg for sengetøy: Kr. 100,- per sett. Frukostkorg på førespurnad.