Vangshuset - seng og frukost i ein ekte heim

Huset frå 1871 stod opprinneleg i Rosendal, men vart flytta til Guddalstunet i år 2000.

I Vangshuset vert gjestene mottekne i heimen til Johannes og Kirsten Guddal, her er hjarterom og gjestfridom i massevis. Ofte luktar det av nybakt brød. Huset er autentisk innreia, samstundes er det rom for ny kunst - i alle retningar har augo noko godt å kvile på. Dei to dobbeltromma i andre etasje med bad på deling er ljose og koselege - med smårutete vindauge og vakker utsikt. Prisen på 1000 kr (700,- ved berre ein person i dobbeltrommet) inkluderar ein herleg frukost ved langbordet nede i stova.