Velkomen til Guddalstunet

Omkransa av høge fjell ligg det fredelege, blømande tunet vakkert til i Guddalsdalen - ein trivselstad for både menneske, laks og aure, med Guddalselva som trufast fører vatn frå Folgefonna til Hardangerfjorden.

I Vangshuset frå 1871 kan du få seng og frukost. Gjestehuset består av to feriehus/hytter i eitt vertikaldelt bygg. Ved sjøen finn du båt og badestrand. I Kålhagen kan du bu i stovehuset, med stabburet som soveanneks. I selskapslokalet vårt, Storstova, dekkar vi langbordet til fest. Bekken som sildrar, fuglane som syng og vinden som susar dannar ei naturleg, roande lydkulisse i tunet.


  Du kan gjera deg kjend i tunet ved å klikka på dei forskjellige bygningane på kartet. Du kan og klikka på bekken, turgåaren på veg til nasjonalparken, fiskestanga nederst til venstre og severdighetsteiknet ovanfor.